For ellevte år på rad delte Sparebanken Møre ut stipendiet med formål å løfte fram unge talent i fylket.

22-årige Jon Olav Sandal er frå Barstadvik i Ørsta, og går under artistnamnet JON OLAV. Han har det siste året utmerka seg i den norske musikkbransjen og gjekk tidlegare i år heilt til topps i Urørt-finalen med sin politiske låt “Hei, Erna”. Den unge artisten som i dag bur i Oslo har store framtidsplanar og håpar å kunne livnære seg kun av musikken.

- Med stipendet frå Sparebanken Møre kjem eg langt på veg mot å realisere mitt store mål om å bli Noreg sitt svar på Håkan Hellstrøm, seier stipendvinnaren i ei pressemelding.

Ein av 15 talent

Jon Olav Sandal  er ein av dei femten unge talenta som Sparebanken Møre i år løftar fram gjennom TEFT-stipenda. TEFT-stipend går til unge mellom 15 og 35 år som kjem frå Møre og Romsdal eller som bur i fylket. TEFT-stipenda er for dei som har viljen, talentet - og teft

Løfte fram og heie fram

Sparebanken Møre har i ti år delt ut desse stipenda, og utøvarar som verdsmeister og OL-finalist Karsten Warholm (friidrett) og Sigrid Raabe (musikk) er mellom dei som har fått stipend.

- Vi i Sparebanken Møre er svært stolte over å få heidre flotte og hardtarbeidande talent. Vi får tilbakemeldingar om at desse stipenda gjer ein forskjell for utøvarane på grunn av den økonomisk støtta til å vidareutvikle talentet dei har, men også fordi utøvarane blir sett og løfta fram.  Det gler vi oss over og heiar på stipend-vinnarane.