No var det ikkje gutemusikken som kom, men Hovden og Ørsta skulekorps, som måndag var ute på si siste marsjøving før 17. mai.

Tradisjonen tru gjekk turen til Ose Camping, som har spandert softis på korpset "sidan tidenes morgon". Så langt har det gått at øvingane på folkemunne går under namnet: Softis-øving. Eit stort høgdepunkt med andre ord.

Drilljenter, Ramona og Linnea. Foto: Janne-Marit Myklebust

Og marsjøving må til for eit korps i vekst.

Hovden og Ørsta skulekorps tel no i overkant av 40 medlemer, inkludert drill og musikantar.

Det er berre å gle seg til 17. mai!

Marsjøving - på veg til softis-kiosken på Ose. Foto: Janne-Marit Myklebust