«Konsertsalen» var fullsett av forventingsfulle ørstingar og voldingar, og etterpå rusla alle ut att i sterk synnavind og vårluft med begsitringsglimt i augene.

Ørsta mannskor-, kven er no det? Namnet er for så vidt av nyare dato, men opphavet var ein gjeng tilknytta Lionsklubben i Ørsta som møttest i kjelklaren hos Per Ragnvald Langlo for å drøfte oppstart av eit mannskor, av klubbmedlemmer.

Korhistorie

Dette var i 1994, og no står dei fram som frimodige at dei til og med skipar til konsert med inngangspengar. Med andre ord og litt på spøk: Dei hadde kanskje ikkje dei aller største ambisjonar og store oppslag og suksess. Men laurdag fekk vi sanneleg røyne at koret absolutt ikkje treng liste seg ut  etter stengetid, for her i den fantastiske konsertsalen på Leira, imponerte dei oss med flott og feiande korsong, skikkeleg mannskorklang, og med humør og innslag som syner at fleire av songarane kan mykje meir enn berre å synge..

Gjensyn med Hestholm

Denne dagen hadde dei invitert med den første dirigenten deira, Arne Hestholm, som attpå til kunne fortelje at han som pur ungdom ein sommar var slåttedreng i bakkane ovanfor Jensaløda. Og Arne Hestholm gjorde ikkje skam på å verte presentert som eitt av høgdepunkta under kulturkvelden. Han både song solo og duett saman med noverande dirigent, Børge Hauge.

Sist nyttår skifte Lionskoret namn til Ørsta Mannskor.

Koret tel rundt tjue songarar. Dei hadde to avdelingar, og i pausen var det gratis servering av kaffi og kaker.

Jensløda

«Sjefen» i Jensaløda. Jon Inge Bjøringsøy, var sjølvsagt med, på flygel, og når far hans ynskte velkomen til kulturkvelden og fortalde kort om heile lødeprosjektet, var programmet spikra. Undervegs fekk vi også framført lyrikk, Ottar Løvoll framførde eigen finurlege dikt, og Harald Åmbø la dikt, m.a. av Andre Bjerche. Når så dei to dirigentane, slo seg saman og framførte eit nummer frå Gluntarna, var begeistringa hos publikum  heilt på topp.

Konklusjonen er grei: Ørsta Mannskor vil vi gjerne høyre meir av. Jensaløda på Leira er eit unikt kulturprosjekt som vi meir enn gjerne vil oppleve meir.