Føremiddagsgrauten gjekk ikkje heilt etter planen på Bakk-Ola-marka måndag. I samband med grautkoking for ein bebuar, vart panna kokt tørr. Ikkje nok med det: vispen som vart brukt til å røre i grauten smelta i kokeplata.
Dermed vart leilegheita fylt opp av mykje røyk, og Ørsta brann og redning rykte ut med fullt mannskap.
Ingen kom til skade i samband med uhellet.