Pengar til X2-festivalen

X2-festivalen får pengar frå Volda kommune.  Foto: Rune Sæbønes

New Articles

Nok ein gong spanderer Volda kommune 50 000 kroner på X2-festivalen i Volda. Kommunen meiner det er viktig å støtte festivalen som jeg år vert arrangert for sekstande gang i tida 15. til 18. april.

- Mange av konkurransene har deltakarar som er i toppen både nasjonalt og internasjonalt. Gjennom 15 år har festivalen arrangert nasjonale konkurranser, som norgescup i freeride, randonee, elvepadling, longboarding, fjelltelemark, bølgesurfing, paragliding, mm Det som for seksten år siden starta som ei randoneekonkurranse over to fjell, har utvikla seg til å bli landets største vinter -ekstremsportfestival, heiter det frå Volda kommune.

Pengane til festivalen skal hentast frå kraftfondet. Midlane skal nyttast til markedsføringstiltak.