Nysmitta i Giske kommune kom direkte frå Storbritannia – sjekkar om viruset er mutert

Korona-testing.  Foto: Svein Nordal

New Articles

Giske kommune melder at ein person som nyleg var i Storbritannia har testa positivt for korona.

Personen kom frå Storbritannia 28. januar. Ved ny test 4. februar kom svaret tilbake positivt.

– Sannsynlegvis er dette eit nytt tilfelle av importsmitte. Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen stadfestar at prøve er sendt for analyse i høve til om dette er eit mutert virus, med det vil ta tid å få svar, skriv kommunen.

Vedkomande som har testa positivt er frisk. Personen var i karantene, og er no sett i isolasjon. Det er ingen haldepunkt for nærkontakt med lokalbefolkninga.