- Eg oppfattar det slik at ordninga med Utvalde kulturlandskap verkar mot si meining

Hjørundfjorden er med i ordninga "Utvalde kulturlandskap". Illustrasjon  Foto: Ståle Wattø - Sunnmørsposten

New Articles

- Eg oppfattar det slik at ordninga med Utvalde kulturlandskap verkar mot si meining i alle fall i Hjørundfjorden, sa Karl Asgeir Sæbønes i samfunnsutvalet tysdag.


Tilskotsordninga til Norangsdalen og Hjørundfjorden

– Dette er eit vinnarlodd

200 grunneigarar i området Norangsdalen og Hjørundfjorden kan søkje statstilskot for å ta vare på kulturlandskapet.


Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) er ei økonomisk satsing og ein arbeidsmåte for å ta vare på eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap. Satsinga har som mål om å ta vare på variasjonen i kulturlandskapet i jordbruket, og å ta vare på biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø.

I Møre og Romsdal er det tre Utvalde kulturlandskap:

  • Fjellgardane i Øvre Sunndal (2009)
  • Alnes (2017)
  • Hjørundfjorden og Norangsdalen (2018)

- I Hjørundfjorden oppfattar eg at denne ordninga vert nytta som ei verning av dyrkajorda, og slik eg har forstått det er det ikkje det som skal vere meininga, sa Sæbønes.


Norangsdalen får status blant dei flottaste naturområda i landet

Frå Hjørundfjorden til stølsområda skal dei unike naturverdiane no takast enno betre vare på i den trange og fruktbare Norangsdalen.


Han ytra eit ønske til administrasjonen i kommunen om å få ei orientering frå fylket om korleis utvala skal tolke og handsame ordninga med Utvalde kulturlandskap.