Familiekveldstur ved Hovdevatnet

Det blir familiekveldstur ved Hovdevatnet onsdag 20. november.  Foto: Friluftsrådet.

New Articles

20. november kl 18.00 inviterer Sunnmøre friluftsråd til familiekveldstur ved Hovdevatnet. Oppmøte ved Hovden møbel. Turen er gratis og utan påmelding.

Turen varer om lag to timar, men ein kan dra heimatt når det passer.  Ein skal gå langs ei refleksløype så det er lett å finne vegen att til parkeringa på eiga hand.

Turgåarane gjer lurt i å stille med varme klede, sitjeunderlag, kopp og hovudlykt.