Spør om alt går til helvete på frukostseminar i Volda

  Foto: HVO

New Articles

Torsdag morgon vert det frukostseminar i kantina på Berthe Kanutte-huset i Volda, og over morgonkaffien vert det stilt spørsmål om alt er i ferd med å gå til helvete.

Det er HVO sin historie-amanuensis Chalak Kaveh som har tatt initiativet til frukost-seminaret, som er det første i ei rekkje.

Torsdagens seminar har fått namnet «Går alt til helvete? Dystopier om klima og politikk». Det vil ta for seg framtidige skrekkscenarier og om mennesket kjem til å vinne kampen om å redde miljøet, og kva rolle blant anna politikken og «fake news» vil spele opp i dette.

Til å samtale om tematikken har ein fått inn Anders Nielsen forskar ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) ved Universitetet i Oslo og Dag Einar Thorsen, førsteamanuensis i statsvitskap ved Universitetet i Sørøst-Norge, med interesse for samtidshistorie og politisk filosofi.

Serien av frukostseminar vert kalla «Hjernefôr», og målgruppa er bygdefolk, studentar og tilsette på høgskulen. Og meininga er å ta opp ei rekkje høgaktuelle tema.