Filmar James Bond på Sæbø?

Parkeringsplassen ved Sagafjord Hotell på Sæbø er fyllt opp med lastebilar klare for filminnspeling. Det handlar mest truleg om James Bond.

Parkeringsplassen til Sagafjord Hotell på Sæbø er fylt med lastebilar klare for filminnspeling.  Foto: Rune Sæbønes

New Articles

Det har lenge vore kjent at det skal spelast inn film på Sæbø tysdag og onsdag komande veke. Det er gjeve løyve til vegavstenging, og eit eige skip kjem for å hyse filmfolk.

Lastebilar frå Pinewood i England er klare for filminnspeling på Sæbø.  Foto: Rune Sæbønes



Og laurdag ettermiddag kom det kring ti større lastebilar til Sæbø. Dei er merka Movie Makers og Pinewood. Pinewood har studio som tidlegare er brukt til James Bond-innspelingar.

Og laurdag kveld melder TV2 at det sannsynlegvis handlar om ei James Bond-innspeling. Det har tidlegare vore spelt inn scener til Bond25 i Oslo, og det er varsla at det skal vere innspelingar på Atlanterhavsvegen.

Ingen i filmcrewet som er på Sæbø vil stadfeste kva filmprosjekt dei arbeider for. TV2 meiner det er truleg at det handlar om James Bond.