Oi, her gjekk det gale!

Semitraileren køyrde seg fast midt i Saab-svingane  Foto: Tipsar

New Articles

Han køyrde truleg på navigasjon, den utanlandske sjåføren, som køyrde seg fast i Saab-svingane i Ørsta sentrum fredag føremiddag.

Snarvegen vert aldri brukt av store bilar, for det er ikkje vegen eigna for.  Og det forstod nok sjåføren då han skulle ta den knappe svingen og halde fram ned til Strandgata frå Kyrkjegata  og E39.

Politiet vart tilkalla, og sjåføren fekk hjelp.

Det var nok første og siste gong sjåføren valde denne ruta.