NVE seier ja til opprusting og utviding av Vartdal kraftverk. Etter ei heilskapsvurdering av planane og uttalar meiner NVE at fordelane av tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser, slik at kravet i vassressurslova er oppfylt. NVE gir difor Tussa Energi løyve til bygging av nytt Vartdal kraftverk.

Samtidig har NVE sagt ja til ein søknad om bruk av Nedre Svartevatnet som naudvasskjelde for Vartdal kraftverk.

Utvidinga av Vartdal kraftverk inneber om lag 5,8 GWh fornybar energiproduksjon. Opprustinga gjev ingen endringar i eksisterande reguleringar, og vil heller ikkje føre til at ein større del av Risaskarelva vert berørt enn det som allereie i dag er tilfelle.

Ved opprusting og utviding vil ny kraftstasjon og nytt trykkrøyr verte plassert på same stad som i dag. Men trykkrøyret får større diameter, og maksimal slukeevne vert auka fra 225 liter i sekundet  til 750 l/s. Ny inntaksdam skal byggjast rett ved eksisterende dam.

Dårleg stand

- Kraftverket er i dårleg stand,  difor skal inntaksdam, inntakskonstruksjon, røyrgate og kraftstasjon byttast ut, seier NVE.

Opprustinga inneber betre utnytting av eksisterande regulering og auka slukeevne i kraftverket. Dette betyr langt færre dagar med overløp over inntaksdammen i Litlevatnet. Av omsyn til opplevinga av landskapet meiner NVE det difor er nødvendig å stille krav om slepp av minstevassføring, og differensiere denne, slik at det vert sleppt høgare minstevassføring i sommarperioden. NVE meiner også det er viktig å sikre at drifta av kraftverket er tilpassa behovet for vassforsyning til Vartdal Vassverk.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei opprusting av Vartdal kraftverk vil vere eit bidrag til ein fornybar og regulerbar energiproduksjon med avgrensa effektar for allmenne interesser.

NVE viser elles til at grunneigarane Anne Pilar Aarseth, Øyunn Kleiva, Bjørn Sævik, Geir Hole og Viggo Håvoll i felles uttale gir blant anna uttrykk for at dei er positive til en opprusting av Vartdal kraftverk, føresett at det skjer på ein måte som ikkje forringar landskap og naturoppleving, eller skaper problem for folk, fe eller vilt.

Naudvasskjelde

NVE har også sagt ja til ein søknad om at Vartdal vassverk får løyve til å nytte Nedre Svartevatnet som permanent naudvasskjelde. Det er søkt om løyve til å tappe ned vatnet tre meter, frå kote 617 til kote 614.

NVE meiner fordelane er større enn ulempene, difor er det gitt løyve fram til 31. desember 2028.

- NVE legg i denne saka vekt på at nedtapping av Nedre Svartevatnet med inntil tre meter vil sikre vassforsyninga til abonnentar knytt til Vartdal Vassverk. Vi legg også vekt på at nedtapping berre skal skje når det er behov for naudvatn. Etter vår vurdering vil ikkje tiltaket gi store konsekvensar for allmenne interesser, slik at fordelane ved tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser, skriv NVE i svaret på søknaden.

Det vert peika på at Ørsta kommune dei næraste åra skal utgreie vassforsyninga til Vartdal.

- Dette arbeidet kan resultere i at området får ei anna vassforsyning, og difor meiner NVE det er aktuelt å gi eit tidsavgrensa løyve.

Vassverket ønsker også å etablere hevert og røyrleding permanent på staden.