Den nye barne- og ungerepresentanten i Ørsta kommune heiter Gro Anita Bårdseth, og jobbar som planleggar i kommunen.

Oppgåva som barne- og ungerepresentant er delegert frå rådmannen og lagt til eksisterande heil stilling. Omfanget av oppgåva er stipulert til ca. 10-15 prosentav heil stilling. Bårdseth tok 1. mai over oppgåva etter folkehelsekoordinator Ingvild Endal som sidan 2015 har vore barne- og ungerepresentant i tillegg til deltidsstilling som folkehelsekoordinator. Dette er eit ledd i innsparinga i staben  kommunen.

Ordninga med barne- og ungerepresentant er særleg knytt til å ivareta barn og unge sine interesser i planlegging og byggesakshandsaming etter plan- og bygningslova.

Og kven er borna og dei unge? Jau, alle opp til atten år.