Den danske superliga-klubben Horsens skal ifølgje NRK ha lagt inn eit bod på fleire millionar for Brann-spelar Sivert Heltne Nilsen frå Volda.

– Eg har ingen kommentarer til denne saka no, eller til kjøp og sal av spelarar, seier sportssjef Rune Soltvedt i Brann.

Horsens vart nummer seks i Superligaen sist sesong. Klubben har ambisjonar om å styrkje laget før seriestarten i Danmark.

– Eg held meg til at eg har kontrakt med Brann. Det er klubben som må svare på alle spørsmål rundt dette, sier Nilsen til NRK.

Nilsen står med 70 seriekampar for Brann. Han vart henta frå Vålerenga i 2015, men har også spelt fire sesongar i Hødd.

Som ungdom spelte han for Volda, der far og Brann-trener Lars Arne Nilsen var trener.

Søndag skåra Sivert Heltne Nilsen eit av måla då Brann spela 2-2 mot Bodø/Glimt på bortebane.