Søre Sunnmøre tingrett har frifunne Tomteservice AS, som varsaksøkt av Volda Sanitetslag. Firmaet fekk i fjor vår tilslaget påkjøp av eigedomen til sanitetslaget. Tomteservice har vunne sakafullstendig, og sanitetslaget er dømd til å betale firmaet sinesakskostnader med knapt 108.000 kroner.

Tomteservice ved Einar Holsvik seier til  Møre-Nytt at dei er nøgde med dommen.

–Eg er veldig nøgd med utfallet. Vi har vorte trudd, og bodskapen min er at det er grenser for kva ein meklar kan skjule for ein kunde. Tenk viss ein forbrukar hadde kjøpt dette, og vorte ført bak lyset så grovt, seier Holsvik.

– Eg kan ikkje skjøne at sanitetsdamene, som ikkje er proffe, at dei i denne saka ikkje vender seg mot meklar, og held han ansvarleg for dårlege råd. Det er meklaren som skal syte for ein trygg prosess. Å halde att opplysningar slik er grovt, seier Holsvik.

Meklaren erkjend med dommens konklusjon, men opplyser til Sunnmørsposten athan ikkje har nokon kommentar no, då han ikkje har hatt høve å leseinnhaldet.