Laurdag kveld var det duka for førpremiere på Vekerevyen, det første av mange arrangement som tek plass i Volda dei to komande vekene. Åtte av dei ærlegaste i Volda stod klare på scena for å representere sanningar om verda, Noreg, Volda og seg sjølve. Studentane Steffen Pettersen, Oda Finsås, Aylin Forsethlund, Marius Skåtevik Tollaksen, Kathrine Baldishol, Runar Lofthus Aakre, Emilie Jørstad og Trym Nikolas Rimmen gav alt dei hadde å by på.

Med innslag som omhandla det norske langrennslandslaget, Trond Giske, Nora Mørk, Tinder, homofili og Circle K, fekk studentane publikum til å gapskratte i to timar i strekk.

Små stikk til lokalt kjendeKathrine Baldishol, journalistikkstudent hjå Høgskulen i Volda, var ein av dei åtte skodespelarane i årets revy. Ho fortel at «Voldas ærlegaste» handlar om å fortelje ting slik som det eigentleg er, og å setje dagens samfunnsproblem på spissen for å utfordre både lokalmiljøet og verda om korleis ting fungera. - Vi har ein del lokale stikk i revyen, blant anna om Sylvi Listhaug. Mange i lokalbefokninga er einige i politikken hennar, men ho kan jo av og til verke som ei kvass kvinne. Samtidig hadde vi og med poeng om Jørgen Amdam og Johann Roppen. Grunnen til dette er at vi vil vise lokalmiljøet at ting blir sett på frå forskjellige sider. Revyen er vinkla for å treffe lokale studentar. Mykje er intern humor, men det er morosamt sidan vi veit kven som sit i salen. Vi vinkla det og på ein måte som gjer det morosamt om du kjenner igjen folk og namn, og for at folk generelt skal kjenne seg igjen i ulike situasjonar. Det har vi vore veldig bevisste på, seier Baldishol og smiler.

Ironi og provokasjon

Ved hjelp av litt ironi, sarkasme, overdramatisering og parodi, prøvde også dei åtte skodespelarane å provosere publikummarane.- Vi har ein sketsj om H&M, og den handlar om kor enkelt det er å tolke ting rasistisk. Det er jo ikkje alt som er rasistisk meint heller, fortel Baldishol. Mellom innslaga fekk publikum også høyre glimrande god musikk som vart svært godt tatt i mot av blant anna Jørgen Amdam, ordførar i Volda, og Johann Roppen, rektor hjå Høgskulen i Volda. I bandet spelte: Robin Windsrygg på keyboard, Erik Vinje på gitar, Sondre Sollien på bass, Timmy Aass på trommer, Synne Seiertun Bjerke på trompet og Mari Robøle Samsonstuen. Koristane var Guro Topphol, Kristina Juul Jørgensen og Johann Vikersveen. Alle låtane hadde ei tilknyting til sketsjane, og var genialt gjennomført. Ein kunne tidt og ofte sjå publikum klappe til takta og nyte musikken.

Søndag kveld er det premiere på revyen.

Ein av åtte: Kathrine Baldishol har jobba med revy på vidaregåande skule før, men dette var fyrste gong ho stod på ei scene, og var veldig glad for at alt gikk så bra. Foto: Lene Flataker