Musikaren og produsenten Yngve Sætre frå Liadal har vorte tildelt ein av dei store prestisjeprisane i norsk kulturliv. Måndag tok han i mot  Rolf Gammleng-prisen for fortenestefull medverknad ved grammofoninnspelingar eller i sceniske framsyningar.

Prisen er på 40.000 kroner, og Sætre fekk prisen som studiomusikar.

Rolf Gammleng-prisen vart oppretta av Fond for utøvande kunstnarar i 1982. Prisen er oppkalla etter eldsjela Rolf Gammleng i Musikarforbundet.

10 prisar

Det vert delt ut 10 prisar. Det er ein veteranpris og ni prisar som vert delt mellom fem musikarar innan ymse sjangrar, to til studiomusikarar, ein til ein dansar og ein til ein skodespelar.

Det er ikkje kven som helst som er dei andre prisvinnarane. Sven Nordin fekk t.d. skodespelarprisen og Sissel Kyrkjebø og Satyricon er også mellom prisvinnarane. Jan Eggum fekk veteranprisen på 50.000 kroner.

Studiomusikar

Yngve Sætre fekk altså prisen for beste studiomusikar, saman med Frank Brodahl.

Om Yngve Sætre seier juryen:

«Yngve Sætre er opphavleg frå Ørsta, men held no til i Bergen, der han arbeider som produsent og musikar. Han gjorde seg fyrst kjend som vokalist og produsent for Barbie Bones, og deira andre plate fekk Spellemannspris i 1992. Slik starta ei særmerkt karriere i Bergen, der hans bidrag som musikar og produsent gjekk hand i hand. Hovudinstrumentet er keyboards i tillegg til vokal og perkusjon.

Han har arbeidd på produksjonar med m.a. Pogo Pops, De Lillos, Morten Abel, Anne Grete Preus, Sondre Lerche og Kaizers Orchestra. Han har i studiosamanheng vore rekna som den sjette medlemmen i DumDumBoys frå 1990»