I førre veke skreiv Møre-Nytt om at fleire rådgivarbedrifter på Søre Sunnmøre meiner dei blir skvisa på grunn av det store innkjøpssamarbeidet mellom kommunane på Sunnmøre. Kriteria i anbodskonkurransane er så strenge og vidfemnande at små, lokale bedrifter ikkje klarer å oppfylle dei, ifølgje rådgivarverksemdene.
Les også: – Store innkjøp betyr nedbygging lokalt
Samarbeid
– Eg forstår argumenta deira. Likevel har eg og Ørsta kommune stor tru på det lokale næringslivet. Det er fullt ut mogleg for dei å vere med å konkurrere om kontraktar med Ørsta kommune og andre kommunar, seier Fivelstad.
Ho meiner ein av nøklane er samarbeid.
– Om dei samarbeider med nasjonale aktørar eller med kvarandre, stiller dei mykje sterkare i konkurransen. Og så er det viktig å hugse at store innkjøp også gir moglegheit for bedriftene til å vekse og levere tenester til fleire kommunar, argumenterer Fivelstad.
Krev ressursar
Hovudargumentet for store innkjøp er at det gir høve til å presse prisane ned.
– Likevel er det rett at det ikkje er slik at større alltid er billigare. Om vi til dømes kjøper frå eit firma i Ålesund, må leverandørane ta omsyn til frakt og tid når dei gir eit felles anbod.
Det er også fleksibilitet i systemet, slik at Ørsta kommune kan velje vekk nokre innkjøpsavtalar, opplyser Fivelstad.
– Men vi kan likevel ikkje ha for mange små innkjøp. Då blir kostnaden med å ha eigen administrasjon for høg.
I dag har kommunen inntil eit halvt årsverk med ansvar for innkjøp.
– Om vi skulle drive med innkjøpa sjølve, ville vi hatt behov for mange fleire tilsette, seier Fivelstad.
Les også: – Ein del av sentraliseringsbølgja
Næringskontoret
Økonomileiaren ønskjer å gi eit innspel til Ørsta næringskontor, for å få dei til å ta ei større rolle mot bedriftene.
– Eg ser for meg at næringskontoret kan følgje med på kva konkurransar som blir annonserte og sende desse vidare til aktuelle bedrifter. I tillegg er det viktig at lokale bedrifter får god nok kursing i korleis anbodssystemet fungerer i praksis. Det hadde også vore fint om næringskontoret kunne bidra med.