Høgre, Framstegspartiet og Venstre er samde om at pelsdyrnæringa skal avviklast innan 2025. Dette vert halde fram som ein av dei store sigrane for Venstre under regjeringsforhandlingane. Men for Framstegspartiet sin Landbruksminister, Jon Georg Dale, er dette å svelge ein kamel.
- Eg har gjennom mine to år i Landbruksdepartementet gjort alt eg kan for å etablere grunnlaget for ei bærekraftig utvikling for pelsnæringa. Eg anser difor dette tapet som det største tapet FrP gjekk på under under regjeringsforhandlingane, seier Jon Georg Dale til Møre-Nytt.
Ørsta råka
Ørsta er ein av kommunane som har ei pelsdyrnæring, i all hovudsak konsentrert til Øye og Norangsdalen. Landbruksministeren lovar å gjere sitt til at avvikinga vert skånsam.
- Min jobb vert no å gjennomføre dette på ein måte som gjer at dette pelsdyrbøndene får tilstrekkeleg tid og kompensasjon i avviklingsperioda. Det vert krevjande for pelsdyrbøndene og omstille seg på dette. Eg skal gjere det eg kan for å lette børa, seier Dale.
Deltok i forhandlingane
Han deltok sjølv i forhandlingane som no legg grunnlaget for ei blågrøn regjering.
- Totalt sett har FrP fått gjennomslag på andre områder som strengare innvandringspolitikk. Betre eldreomsorg, kutt i eigedomsskatt og betre utnytting av naturressursane. Eg er difor godt nøgd med totalen i regjeringsplattforma, men det er berre å erkjenne at eg gjerne skulle ein annan konklusjon knytt til pelsdyr, seier Jon Georg Dale.