I det klokka slo 20.00 og valfunksjonærane stod klare til å stenge dørene til vallokalet, kom ho springande inn.

Årsaka var at flyet ho kom heim med var forseinka, og at ho ikkje rakk å røyste før ho reiste.

Men det gjekk, og Marianne fekk gjort borgarplikta si.

– Det har vore god tilstrøyming med veljarar hos oss, seier valfunksjonær Håvard Strand, som sjølv gir seg i lokalpolitikken i denne omgang. Han tek ikkje attval for KrF i Volda.

Vi har journalistar på plass både i Ørsta og Volda, og du får valresultat, kommentarar og bilde frå valet her på morenytt.no utover kvelden.