Det seier Hermod Nupen som står bak ideen om cruisekai i Ørsta sentrum. Planen er å nytte området der den gamle kommunekaia var til å legge ut ei hundre meter lang og seks meter brei kai knytt opp mot ein framtidig promonade. Kaia er tiltenkt for mindre cruiseskip, større private yachtar og kommersielle skyssbåtar i kombinasjon med småbåthamn. Målsettinga er å auke publikums- og turisttrafikken til Ørsta og Vikegata og å få modernisere kaifronten mot sjøen. Haldeplassen er sett på som ein av tre knutepunkt i Ørsta sentrum gjennom Europan-prosjektet, og ei cruisekai i området her vil vere med på å styrke knutepunktet.

– Hovudmålet for dei som kjem i land er at dei skal bli verande i Ørsta. Det skal ikkje stå sytten bussar klare til å frakte vekk frå Ørsta. Dette vil vere eit flott tilbod både om sommaren og vinteren. Aktivitetar for besøkande kan vere gatevandring og handel i Vikegata m. m., tur til gapahuken i Skåla, fiske og bading. Det kan og vere utgangspunkt for alpine toppturar i Sunnmørsalpane, seier Nupen.

Den første destinasjonen som yachtane kjem til i Noreg er Bergen, og Nupen har vore i kontakt med skipsagentar der.

– Mannskapa får informasjon om dei ulike destinasjonane oppver kysten og med anbefalte stoppestadar for sine passasjerar. Når Stad skipstunnel vert bygd, vert den i seg sjølv ein stor attraksjon og det vil gje trafikkauke innover fjordane. Vegen ut Vanylvsfjorden deretter inn Rovdefjorden, ja då er det kort veg til Ørstafjorden. Estimat frå agentane i Bergen er om lag tjuefem yachtar pr. år, og det er ein marknad i vekst.

Nupen har i samarbeid med arkitekt Tokjell Lavoll i Nordplan utarbeidd ei skisse for cruiskaiplanane. I samband med kaibygginga tenkjer dei seg ein bryggerestaurant nær landgangen som vert etablert i privat regi i dagens bygningsmasse. Det er og tenkt dagleg organisering med kaikontor med reiselivssjef i dagens kaihus.

12-15 millionar kroner

Førebels er det innhenta eit pristilbod i prosjektet på hundre meter flytemolo. Med levering frå Marina Solutions vil prisen ligge på 12-15 millionar kroner ferdig montert.

– Ein flytemolo er stor både i tonn og dimensjonar og det er med tanke på at den skjerme det som kjem innanfor den seinare, seier salsansvarleg Otto Aam i Marina Solutions.

Det er planar om Sento sjøbad i området, og flytemoloen vil skjerme dette for vind og sjø. Marina Solutions har tidlegare levert ein liknande flytemolo i Harstad.

– Ringverknadane her har vore gode. Det har blitt ein samlingsplass og det er ikkje berre båteigarane som samlar seg rundt og på flytemoloen, seier marknadsjef Tone Jøssang Hovdenakk.

– Mykje positivt i forslaget

Planleggar Gunnar Wangen har jobba mykje med sentrumsutviklinga dei siste åra, og seier at det er ein spennande ide som no er på komen fram.

– Korleis kommunen stiller seg til planane er eit politisk spørsmål, men dette er eit spennande innspel. Tankane som blir formidla spelar i stor grad på lag med utviklingsplanen og strategien som er lagt for sentrum. Forslaget er handterbart for å kunne betene det i vårt sentrum. Vi tykkjer det er mykje positivt i dette forslaget, men så er det også sjølvsagt eit spørsmål om strategival for cruise i Ørsta, seier Wangen som understrekar at dei ikkje kunne ha plassert ein mogleg flytemolo betre sjølv.

Spleiselag

For å finansiere utbygginga ser Nupen for seg ei spleiselag.

– Det er mange aktørar i Ørsta som vil nyte godt av eit slikt tilbodet. Vonet er hotellet med nye eigarar, handelsstanden, kommunen og Ørsta-samfunnet har lyst til å få dette realisert.

Det neste steget i arbeidet er å få planane inn i ein ny reguleringsplan.

– Får vi til det vil det blitt sett saman ei gruppe på maks tre personar. Desse må ha ei korrekt haldning til prosjektet, ha evne og vilje til å vere med på å realisere det. Det må produserast ei fotomontasje av prosjektet, lage marknadskonsept og gå ut til investorar. I første omgang treng vi kroner og ører for å gjennomføre dette marknadsarbeidet. Om selskapet skal vere kommunalt eller ikkje må vi ta att seinare.