Det seier Ellinor Lund, leiar i FAU ved Hovden skule.

Rådmannen legg no fram ei tilråding overfor formannskapet om å setje 750.000 kroner til å greie ut ein ny felles sentrumsskule for 5.–7. trinn. Samstundes opnar ho for ein ny Dalane skule på Legene.

Formannskapet i Ørsta skal handsame saka på fyrstkomande møte tysdag.

– Hovden skule ligg i det største vekstområdet i Ørsta for tida. Det er her det er planlagt flest tomter. Vi busette oss ikkje i Hovdebygda for at skulen skulle verte lagt ned, seier Lund.

Ho meiner det i staden bør brukast pengar på Hovden skule for å møte ei framtid med vekst i elevtalet.

Fadderordning

– Skulen er og vil vere eit samlingspunkt for bygda, seier Lund.

– Vi har ein skule med eit godt miljø. Vi har ei fadderordning der sjetteklassingane tek seg av fyrsteklassingane gjennom heile skuleåret. Dette vil forsvinne med å flytte 5. til 7. klasse til Ørsta sentrum, seier Lund.

Ho meiner det viktige for Hovden skule no, er at han vert renovert slik det er lova.

– Hovden skule er no stor nok til å ta i mot elevmassen som er i bygda, seier Lund. Ho har ikkje noko i mot ein ny sentrumsskule, men meiner det må vere for å stette Vikemarka og Velle skular sine behov.

160 millionar

Lund synest situasjonen no er krevjande.

– Dette med å flytte 5. – 7. klasse kom svært brått på oss, og kjem i ein situasjon der vi har kjempa hardt for å få til ei naudsynt renovering av skulen vår, seier ho.

Når rådmannen går inn for at ein ny felles sentrumsskule vert greidd ut, har det bakgrunn i at verken Vikemarka skule eller Velle skule kan ta den veksten som er i elevtalet i sentrumskrinsen. Kostnaden med ein ny skule er stipulert til 160 millionar kroner.

Vikemarka

Rådmannen forklarar situasjonen med at kommunen ikkje kan byggje ut på Vikemarka grunna snøskredfare. Det har fordra at kommunen må tenkje heilt nytt.

FAU-leiar ved Vikemarka skule, Fredrik Christian Langlo, er ikkje framand for tanken om ein ny felles sentrumsskule.

– Eg støttar at vi får ei utgreiing, slik at vi får alle tal på bordet, og får sett kvar skulen skal liggje. Likevel er eg uroa, seier Langlo.

Det eine han er uroa over, er ein trafikkfarleg skuleveg.

– Det må vere eit ufråvikeleg krav at det før det kjem ein ny sentrumsskule, må ha kome eit trafikktrygt gang- og sykkelvegnett, understrekar Langlo.

Det andre han er uroa over, er kostnadene.

Behov for tiltak

– Eg ser ikkje føre meg at vi kan greie å byggje ein skule til 160 millionar kroner. Det høyrest lite ut. Eg fryktar kostnadene vert mykje høgare. Og at det vil redusere vedlikehaldskostnader er nok rett. Likevel varierer tala på vedlikehaldet frå gong til gong, og er vanskeleg å halde seg til, seier Langlo.

Eit fellestrekk for mange skular i Ørsta er manglande vedlikehald. Fleire tilsyn har kome med rapportar om til dels store manglar. Rådmannen peikar på dette i si saksutgreiing.

– Dette har vore rapportert politisk ved fleire høve. Gjennomføring av tiltak har synt seg umogleg å løyse innan gjevne rammer ved kvart objekt, dette gjeld omsyn politiske føringar, teknisk løysingar, helse, økonomi, lovverk og føresegner.

– Ein ny sentrumskule for 5.–7. trinn vil kunne løyse desse utfordringane og sikre skulestrukturen for dei neste 40 åra, vert det skrive i saksutgreiinga.

Fullt: Velle skule er fullpakka, og kan ikkje ta i mot auka elevtal. Foto: Janne-Marit M. Falch