Søndagstankar

De fant nåde i ørkenen

Søndagstankar 

For abonnentar

Jeremiah 31, 1-6: 1. På den tid, seier Herren, skal eg vera Gud for alle slektene i Israel, og dei skal vera mitt folk. 2. Så seier Herren: Det folket som slapp unna sverdet, har funne nåde i ørkenen. Israel skal dra av stad og finna ro. 3. Frå det fjerne synte Herren seg for meg: Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel, difor har eg heile tida vist deg miskunn. 4. Endå ein gong vil eg byggja deg, du skal byggjast opp att. Endå ein gong skal du pynta deg, ta handtrommene og gå ut i latter og dans. 5. Endå ein gong skal du planta vinmarker på fjella i Samaria, og dei som har planta, skal sjølve ta dei i bruk. 6. Ja, det kjem ein dag då vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet: Kom, lat oss dra opp til Sion, til Herren vår Gud!

Gud valde Israelittane til sitt spesielle folk. Han forløyste dei frå egyptisk trældom og sørga for å tilfredsstille behova deira gjennom heile ørkenvandringa frå Egypt som strekte seg over 40 år. Han avviste ikkje folket sitt, til tross for dei gjorde opprør og uttrykte vantru og tvil. Sjølv om dei braut pakta dei hadde inngått med han og måtte straffast, lova han å hellbrede nasjonen, returnere dei til sitt eige land og retta opp igjen gleda over å vere frelste.

Kva kan vi lære av denne bibelteksta i den koronatida som vi opplever verda over i desse dagar? Når viktige aktivitetar er stengde, og fleire restriksjonar vert innført, så som reiser og besøk til familiar og vener. Når folks tolmod blir sett på prøve meir enn nokon gong. Og når gudstenester i Kyrkja og andre Gudshus ikkje kan besøkast, som under den viktige påskefeiringa vi nettopp har avslutta! Kvar er vår Gud i alt dette?

Ja, mange av oss stiller disse spørsmåla enten høgt eller i tankane våre. Det same gjorde israelittane når dei var i eksil i Egypt og opplevde fleire år med vanskar og trældom. Men det står ikkje nokon stad i Bibelen at livet vil vere utan problem (om du trur på Gud eller ikkje). Bibelen seier ikkje at livet vil vere utan sjukdom, sorg eller andre utfordringar. Det Bibelen seier er at Gud vil vere med oss kvart trinn på vegen - rettleia og gi oss visdom til å takle situasjonane vi dagleg opplever. «Eg vil aldri forlate deg.» «Eg vil sende den heilage ande for å trøyste deg», seier Herren.Jer. 31, 1-6: Israel folket “fann nåde i ørkenen” (v. 2b). Herren gjorde det mogleg for Israelittane å overleve i ørkenen. Herren leia dei med ei sky-søyle om dagen og ei eldsøyle om natta (2. Mosebok 13:21). Herren sørgde for manna for å gi dei mat (2. Mosebok 16, 35). Herren sørgde for vatten frå ei klippe (2. Mosebok 17; 4. Mosebok 20). Israel folket overlevde, bokstavelig talt, på Guds nåde.Men Guds rike og hans barmhjertigheit blir ikkje berre utløyst overfor hans folk, Israel, men omfamnar alle som er medlemar av Kristi lekam. På grunn av Guds store kjærleik, har han trekt oss med inn i ei permanent foreining med Kristus.

Då eg vaks opp under apartheidregimet i Suid Vest Afrika som landet heitte den gongen (South West Africa) eller Namibia som det heiter i dag, vart mange svarte utsette for forfølging og tortur på grunn av hudfargen sin. Mange av oss bestemte oss for å reise frå landet, enten vi visste kvar vi skulle eller vi berre følgde etter dei som hadde lagt ein plan for reisa. Men ute av landet, utan mor og familien, fann eg nåde i trua på den Gud som mor mi hadde fortalt oss barna om kvar dag så lenge eg kan hugse. Under mi reise og frigjering frå apartheid opplevde eg mange farlege situasjonar, men trufast i trua på at Gud kunne rettleie og leie meg til tryggleik fann eg Guds nåde i mi livsvandring, nesten som Israel folket i deira vandring gjennom ørkenen.

Den nåde som Israelittane opplevde i villmarka var meir enn berre fysisk. I ørkenen vaks forholdet deira til Gud. I villmarka lærte dei om tru og smerte. «Frå det fjerne synte Herren seg for meg: Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel, difor har eg heile tida vist deg miskunn» (Jer.31, 3).

Som Israelittane som tvilte på Guds hjelp når dei vandra rundt i ørkenen, treng ein ikkje å ha perfekt tru for å vere kristen. Det er greitt om du er i tvil - du kan likevel vere ein verkeleg etterfylgjar av Jesus Kristus. Absolutt, urokkeleg tillit er ikkje eit krav. Å vere truande betyr ikkje at du aldri kan stille spørsmål ved noko. Har du nokon gong vore våken om natta og lurt på om det heile stemmer? Har du nokon gong spurt om det verkeleg finns ein Gud, eller om Jesus Kristus verkeleg lever? Vel, om du har gjort det, er du i godt selskap fordi truande stiller slike spørsmål heile tida.

Men Gud har ein unik og uutgrundeleg kjærleik til heile menneskeheita som vart demonstrert overfor oss, ved at Kristus døde for oss. På den måten betalte Jesus prisen for syndene våre og synliggjorde Guds absolutte kjærleik til oss menneska.

La den Heilage Ande vere ei kontinuerleg kjelde til håp og oppmuntring. Vær trygg på Kristus sine løfter om at vi aldri står åleine når vi møter utfordingar i vår vandring gjennom livet.