Komande laurdag vert Kiwi-vennecup arrangert i Kiwihallen i Ørsta. Ørsta IL fotball lovar god stemning og overraskingar for deltakarar og publikum.Det er lagt opp til 5-aside i hallen med fire utespelarar og målvakt på bana.

– Det vert sosialt og kjekt, og vi får vist fram den nye hallen vår. I tillegg er ein med på å støtte fotballen i Ørsta. Det er også flotte premiar til laga som går til topps i herre- og dameklassa, seier Anders Molnes, Vebjørn Steinnes og Frode Følsvik som saman med Vidar Liaskar sitt i arrangørkomiteen.

Så langt er det påmeldt tjueto lag, sytten herrelag og fem damelag, til turneringa.

Undervegs i turneringa vert det konkurransar med premiar, og arrangøren håpar at mange legg turen til Kiwihallen.

– Her vert det god stemning så det er berre å stikke innom hallen på laurdag, seier Følsvik.