Volda opna kampen klart best og særleg imponertelaget med godt forsvarsspel i starten. Det sto 4-0 på måltavla og det vargjekk  ti minutt før Rælingen greidde åredusere. Men det stoppa litt opp for heimelaget etter dette og laget fråLillestrøm kom sterkare utover omgangen og gjekk opp i leiing 7-6 etter 20minutt. Dei gav seg ikkje med det , svakt angrepsspel og mange tekniske feil hosVolda, gav Rælingen fleire enkle kontringsmål og dei kunne gå til pause med11-8 leiing. Kanskje den svakaste omgangen Voldalaget har levert dennesesongen.

Endra forsvarsformasjon – snudde kampen.To skåringar av Jurate Zilinskaite og Laima Bernataviciute i starten på2.omgang gav håp om friskare takter av eit heller tamt Voldaangrep. Men detbråstoppa med desse to skåringane. Rælingen spelte godt i forsvar og hadde einstrålande keeper i  Madeleine DahlPettersen.   Ho redda tre straffekast ogdet meste av det som kom av kantskot, Volda blei kontra i senk og då Rælingen auka til 20-12 måtte nokogjerast. Trenar Kristinn Gudmundsson tok time-out og var klar på at det somblei prestert ikkje var bra nok. Han la om til eit meir utgrupert forsvar medLinn Berg  som framskoten einar. Hoskulle stoppe Rælingen sin storskyttar Karoline Strømberg. Dette lukkastheiemlaget med og bonusen kom umiddelbart. Gong på gong feila Rælingen ogheimelaget fekk til  kontringsspeletsitt.  Leiing a til laget frå austlandetkrympa  stadig og då Olivia Kiss førstreduserte til 20-21 og like etter utlikna til 21-21, sto jubelen i taket og detvar ei nesten elektrisk stemning i Voldahallen.  Volda hadde også ballen i siste angrep, menfekk aldri til ei skikkleg avslutning.Likevel  ”gladhandballen” som Volda presterte sistekvarteret, gav garantert  meirsmak hospublikum som avslutta det heile med ståande applaus.

Kampfakta:Volda HK – Rælingen   21 -21 (8-11)Volda: Runa Vik, Astri Ingebrigtsen, Linn J.Berg 1, Kine Kvalsund, CarolineRuud Helgesen 3, Kristine Håheim Vike, Olivia Kiss 4, Jurate Zilinskaite 1,Rita-Krsitin Rise 1, Silje Hansen, Vanessa Hoel, Kaisa Holsvik, LaimaBernataviciute 11, Aukse Anglinskiene.Best på Volda: Laima Bernataviciute og Olivia Kiss. Toppskårar Rælingen: Karoline Strømberg 7Utvisningar: Volda 2 x 2min + 1 raudt kort, Rælingen 3 x 2minutt.Domarar: Hans Petter Andersen og Peter Sundell.

Ein glad trenar Kristinn Gudmundsson takkar publikum for støtta. Foto: Ove Krumsvik