– Det var herleg å få ein 16-poengssiger mot dei, og vi har no fire poeng ned til Sharks på tabellen, seier styreleiar Daniel Denton.

Dei to første periodane var jamne mellom laga, og då laga gjekk til pause var Waves i leiinga 34–32. I dei to siste periodane tok Waves over, og på det meste var dei i føringa med 19 poeng. Då sluttsignalet gjekk viste resultatavla 78-62-siger til Waves. Ein god lagsiger, men Denton ynskjer å trekkje fram Roger Kapalo.

– Han gjorde det svært bra, og har fått gevinst for hardt arbeid på treningane. Han skåra 13 poeng, hadde 2 stelingar, 9 returar og 2 målgjevande pasningar.

For Waves må dei sikte seg inn mot ein andreplass i årets 2. divisjon.

– Det ser heilt ok ut for vår del. Nerds er på 1. plass med 14 poeng, og vi på 2. plass med 10 poeng. Hadde vi ikkje tapt førre kamp mot Nerds så hadde vi hatt mulegheita til å ta førsteplassen. No er det vanskeleg.

Waves måtte utsette ei kamphelg i Trondheim, og neste bestemte kampdato er mot NTNUI Geezers i Idrettsbygget 9. mars.