Onsdag kveld hadde Vartdal sjansen til å passere Stordal på tabellen, og klatre opp på 2. plass i 5. divisjon som gjev opprykk til 4. divisjon. Erling Vole sendte Vartdal i føringa tidleg i kampen, og same mann skåra to mål til i løpet av 1. omgang. Dermed gjekk Vartdal til pause med ei komfortabel 3-0-leiing. Etter pause sette Rolf-Audun Vartdal inn Vartdal sitt fjerde mål for dagen. Hasundgot kjempa seg inn i kampen att mot tampen og gjorde det spennande med tre skåringar. Men Vartdal sikra seg dei tre poenga dei var på jakt etter, og vann kampen 4-3. Dermed har dei passert Stordal med ein serierunde att av sesongen. Eitt poeng skil laga på tabellen, og vinn Vartdal heimekampen sin mot Ravn komande laurdag er dei klare for 4. divisjon. Stordal har ein vanskeleg bortekamp mot Åram/VanKam.

Åmdal passerte Sæbø

Åmdal tok turen til Ørskog onsdag, og jakta ein ny siger etter å ha slått Stordal heime i førre kamp. Etter ein mållaus 1. omgang skåra Sigurd Nybø for gjestene etter pause. Det vart ikkje fleire mål i kampen, og dermed tok Åmdal tre viktige poeng og ligg to poeng føre Sæbø før siste serierunde. Slik tabellsituasjonen i 3. divisjon er i dag er både Åmdal og Sæbø på trygg grunn, men om tre sunnmørslag skulle gå ned frå 3. divisjon vil fem lag rykke ned i 6. divisjon. Sæbø ligg no på den utsette 8. plassen. Vinn Bergsøy bortekampen sin mot Tornado/Måløy laurdag vil dei vere sikra ny kontrakt i 3. divisjon. Åmdal møter Hasundgot heime komande laurdag, og Sæbø møter MSIL heime.

Uavgjort for Hovdebygda

Hovdebygda spelte sin siste bortekamp for sesongen mot MSIL onsdag. Vertane tok føringa i 1. omgang og leia 1-0 då laga gjekk til pause. I 2. omgang utlikna Hovdebygda på straffe før MSIL igjen tok leiinga. Gjestene utlikna etter eit hjørnespark, og kampen enda uavgjort 2-2. Hovdebygda ligg på 5. plass i 5. divisjon, og møter Sunnylven/Stranda 2 heime i siste seriekamp laurdag.