I fjor haust vart Leif-Erik Brenne (Volda handball) plukka ut til å vere med på samling med ungdomslandslaget. Han var ein av sju frå Region Midt-Noreg som reiste til Skien i august for å delta på samlinga. Trenarane likte det dei såg av den talentfulle og venstrehendte høgrebacken. I januar var han på landslagssamling med gutelandslaget (spelarar født i 1998-99) i lag med 48 andre spelarar. Når gutelandslaget skal på samling i Göteborg med alle landslaga på herresida, er Brenne ein av tjue spelarar som får vere med.

– Det vert spennande. I tillegg vert det tøft å sjå korleis seniorlandslaget trenar. Robert Hedin gjekk av som landslagssjef torsdag, og det vert spennande å sjå den nye trenaren.

– Kva slags erfaringar gjorde du deg under den første samlinga med gutelandslaget?

– Det var sjølvsagt spennande. Der var mange gode spelarar. Så det var tøft, men kjekt, seier Brenne.

– Ein god handballspelar

I Göteborg skal junior-, senior-, gute- og ungdomslandslaget på fellessamling frå 3. til 6. mars. I troppa på tjue spelarar til gutelandslaget, som trenarane Geir Erlandsen og Anstein Enggravslia har teke ut, er Brenne ein av to som representerer Region Midt-Noreg. 16-åringen tykkjer det er kjekt å vere på landslaget, men det er litt uvant.

– Eg føler meg tryggare i klubben. Eg har meir kontroll der, men det er nytt og spennande på samlingane.

– Har du fått noko tilbakemelding frå trenarteamet?

– Dei seier at eg er ein god handballspelar og eit bra talent.

Regionslaget

Brenne er inne i sitt siste år på ungdomsskulen i Volda. Til hausten har han søkt seg til Volda vgs., og planen er å spele handball lokalt i eitt år til. Brenne er også fast inventar på regionslaget til Ørsta og Volda i G16 regionsserien, og der får han og dei andre testa seg mot lag som også spelar i landsserien.

– Det har vore veldig bra å vere med der, og vi er eit ganske godt lag. Vi greidde å kvalifisere oss til regionsserien, og det har vore kjekt å få prøve seg mot laga på dette nivået.