Selbu gav Volda eit sjokk i opningsminutta laurdag. Alt etter 20-sekund var Volda på etterskot og dei fekk kampens første utvisning. Heimelaget held eit tempo som ingen på Volda-laget var klare for. Etter 5 minutt viste måltavla 8–1. Dei fleste måla på kontringar. Trenarduoen Gudmundsson/Buchard måtte verkeleg leite djupt etter ein taktikk som kunne stoppe dette. Midtvegs i omgangen hadde det verste sjokket gitt seg og laget hadde kontakt på 7–11 etter mange flotte prestasjonar av Laima Bernataviciute. Dessverre varte det berre nokre minutt og det var ingen andre spelarar som melde seg på. Mot slutten av omgangen var det tilbake til start og heimelaget kontra Volda i senk og leia med åtte mål ved pause.

Etter pause hadde trenarane gjort eit par endringar, Kine Kvalsund og Kaisa Holsvik starta som kantspelarar, og det var det eit tent og fokusert Volda-lag som kom på bana. Dei reduserte tre gongar før første Sela som buskåring kom. Volda tok sakte, men sikkert inn på heimelaget og sju minutt før slutt stod det 28–27. Heimelaget auka på nytt til 30 – 27, men mål av Caroline Helgesen, Jurate Zilinskaite og Laima Bernataviciute sikre poengdeling.

– Første omgang var ei katastrofe. Vi er stolte av det damene presterer i andre omgang, sa trenarane etter kampen laurdag.

Tap mot Utleira

I søndagens kamp mot Utleira, leverte Volda-damene nok ein katastrofal 1. omgang. Dei kom bakpå frå start og etter ti minutt stod det 8–2 til heimelaget. Volda greidde aldri å finne rytmen i angrepsspelet og når laget heller ikkje greidde å jobbe heim i forsvar, blei det mange baklengsmål på kontringar i mot. Heimelaget held eit høgt tempo med tidlegare Volda-kaptein Hilde Egset som speleoppleggjar. Trondheimslaget hadde eit heilt anna register å spele på, og herja stygt mot eit usedvanleg svakt Volda-forsvar der heller ikkje målvaktene hadde dagen. Det var ingenting å seie på at det stod 17–10 ved halvtid.

Laima Bernataviciute gav Volda eit ørlite håp om å kome inn i kampen med to skåringar heilt i starten på andre omgang. Det vart med håpet for i resten av kampen hadde heimelaget god kontroll. Midtvegs leia dei med 22–12. Dei som venta på ei Volda-opphenting mot slutten, venta forgjeves. Heimelaget kontrollerte det heile inn og vann fortent 29–19.

Heilsvart dag

Ein heilsvart dag for eit Volda-lag som verka svært tungt og uinspirert. I forsvar blei dei regelrett utspelt av eit Utleira-lag som hadde gode spelarar på alle speleplassar. I angrep fungerte verken kant- eller strekspelet. Då blei det bakspelarane som måtte ta støyten og her var det også varierande prestasjonar. Sjeldan har vi sett Volda gjere so mange tekniske feil og svake avslutningar.

Volda-trenar Kristin Gudmundsson brukte eit ord på kampen. – Katastrofalt!