Sport →
Volda rota bort poenga
Det blei felt mange tårer blant Voldaspelarane etter at dei tapte 23-22 i den svært viktige heimekampen mot Selbu i Voldahallen laurdag. Laget har dermed berre teoretiske sjansar til å berge plassen i 1.divisjon og må vinne begge bortekampane neste helg mot Bækkelaget og Halden. Mot Selbu var heimelaget i føringa til 10 minutt sto att av kampen, men for sjette gong denne sesongen enda det med eittmålstap.