Førre helg tok handballdamene til Volda ein viktig dobbeltsider borte mot Aker 2 og opprykksrival Nordstrand. Denne helga ventar to tøffe bortekamper i Trøndelag. Sverresborg var første motstandar laurdag ettermiddag.

Då kampen var fem minutt gammal hadde heimelaget framleis ikkje fått teljande resultat, medan Volda hadde protokollført seks skåringar. Heimelaget tok timeout, men det skulle kome tre borteskåringar til før Sverresborg fekk ballen i mål. Volda hadde fullstendig kontroll på kampen og var i leiinga 15-4 ti minutt før pause. Kine Kvalsund skåra det siste målet i omgangen og sende laga til pause på stillinga 19-11 favør Volda.

Det vart jamnare mellom laga i målprotokollen etter kvilen, men det var aldri noko tvil om kven som ville ta med seg dei to poenga. Pernille Ingebrigtsen og Elin Ulvestad Sætre skåra dei to siste måla for Volda, og gjestene vann kampen 35-26. Marte Nornes, Maria Ulla og Ana Correia vart toppskårarar for Volda med seks mål kvar. Dette var Volda sin fjortande strake siger i 2. divisjon avdeling tre.

Volda toppa avdelinga to poeng føre Nordstrand, men med ein kamp mindre spelt. Nordstrand slo Aker 2 31-18 på bortebane laurdag. Volda møter Levanger 2 søndag.