Sæbø kunne hjelpe Vartdal i opprykkskampen og trygge sin eigen posisjon i 5. divisjon heime mot andreplasserte Stordal laurdag. Gjestene var favorittar før kampen, men har hatt ei svingande formkurve i haust. Sæbø mangla også eit par sentrale spelarar til kampen, og det var Stordal som tok føringa i kampen litt ut i 1. omgang. Terje Haugen Øye svarte etter forarbeid av Henrik Mo, før Stordal igjen tok leiinga. Haugen Øye utlikna igjen for vertane, og Mo stod igjen for forarbeidet. Etter rot i forsvaret til heimelaget fekk Stordal gå opp i ei 3-2-leiing, men Haugen Øye var giftig framfor mål og utlikna til 3-3 etter forarbeid av Yngve Frøland. Sæbø var gode i angrep i 1. omgang mot Stordal, og leverte truleg årsbeste. Bakover på bana var det litt slurvete, men laga gjekk til pause på 3-3.

I 2. omgang var det Stordal som tok initiativet i kampen. Sæbø var gode på kontringar, og tok føringa i kampen for første gang då det var spelt ein time. På ei kontring spelte Haugen Øye fram Tarald Harstad som sette inn 4-3. Både Harstad og Haugen Øye hadde store sjansar til å auke leiinga. Mats Riise var og nær skåringa då han klarerte 30 meter inne på eigen banehalvdel. Ballen gjekk over Stordal-målvakta, og strauk stonga på utsida.

Heimelaget kjempa for å ta med seg alle poenga, men eitt minutt på overtid fekk ein Stordal-spelar avslutte frå elleve meter, og fastsette sluttresultatet til 4-4.