Mellom 100 og 130 born deltek på dei ulike kveldane, og totalt har godt over 200 born vore med på tur.

Sist tysdag var ikkje noko unntak i så måte: 116 born med klyppekort om halsen var utigjennom lysløypa. Alle i kjekt lag med foreldre og jamaldringar. Nokre hadde til og med haudelykt på, sjølv om lyset i lysløypa var på. Men lysløypa lyser ikkje på dei verkeleg spanande plassane, må skjøne, så med hovudlykt er det mogleg med ein avstikker eller to.

100–130 deltek

Det har vore arrangert fem trimrenn så langt denne sesongen. Etter planen skal det arrangerast ti trimrenn, og dermed er ein halvveges i sesongen. Det har delteke frå vel 100 til rundt 130 born dei 5 kveldane. Totalt trur vi det har vore innom godt over 200 born. Det er smått utruleg med tanke på at det berre har vore mogleg med gårenn. Sjølv om det går greitt med trimrenn på føtene, er det no ikkje tvil om at det mest stas med trimrenn på ski på denne tida av året.

Tur i barnetrekket

Når du er ute i frisk luft, smaker det godt med noko i livet. Er det i tillegg kuldegrader, er det ekstra godt med noko varmt i livet. Difor er det sjølvsagt varm saft for dei borna som deltek etter at dei har vore ein runde i lysløypa. I tillegg er det også mogleg for borna som har delteke i trimrennet, med ei økt i barnetrekket etter den obligatoriske turen i lysløypa. Føresetnaden er å syne fram klippekortet med dagens klipp i. Har du i tillegg gyldig nøkkelkort for barnetrekket, nyttar du sjølvsagt det. Flest mogleg registrerte besøk er ein stor fordel for Ørsta skisenter, og i neste omgang for oss som nyttar oss av tilbodet.