Leif Erik Brenne er ein av tre spelarar frå Region Midt-Noreg som er teken ut på landslagssamling for gutelandslaget (spelarar født i 1998-99) i Skien 3.- 8. januar. Anstein Enggravslia saman med Geir Erlandsen har trenaransvaret for det nye landslaget. Totalt er 49 spelarar teken ut fordelt på to grupper. Det er lagt opp til fire treningar under samlinga i tillegg til ein internkamp.

Brenne har tidlegare vore teken ut til samling med ungdomslandslaget, og har tidlegare sagt at målsetjinga er å kome på seniorlandslaget.