Gjennom dei siste sesongane har Malene Aambakk vore ein sentral og viktig spelar for hardtsatsande Volda. Prestasjonane på bana har ført til at fleire klubbar følgjer med, og er interessert i å sikre seg talentet. I vår spelte Volda kvalifisering om opprykk til første divisjon, og klubben har eit klart mål om å rykkje opp komande sesong. Aambakk uttalte i vinter at ho truleg ville forsvinne om Volda ikkje rykte opp, men no har ho bestemt seg for å bli.

– Eg tek eitt år til Volda. Bakgrunnen for valet er at eg har tenkt på kva som vil vere best for meg med tanke på treningsmengde og kva lag eg skal spele på. Då kom eg fram til at det kan vere lurt å ta eitt år til her, seier Aambakk.

– Er det ei målsetjing å vere med på å spele Volda opp i første divisjon?

– Ja, det er sjølvsagt eit mål.

Vil ta steget neste år

Om Volda skulle greie målet og rykkje opp ved slutten av sesongen, vil det truleg verte spel i første divisjon utan Aambakk på laget. Om tilboda frå eliteserieklubbane er der etter komande sesong, vil ho ta steget vidare.

– Det er det eg tenkjer no. Sjølv om vi skulle rykkje opp er eg ganske sikker på at eg reiser, seier Aambakk.

Tidlegare har handballtalentet uttalt at målet er å spele fast på eit eliteserielag, og å få sjansen på landslaget. Fleire klubbar er allereie interessert, og spel i eliteserien er noko som freistar.

– Det gjer det så absolutt, seier Aambakk.

I fjor vart Aambakk teken ut i ei tropp som vart vurdert til junior-EM i Nederland. Uttaket var ei erfaring rikare, og ho er framleis i tankane til landslagstrenarane.

– Eg har ikkje høyrt noko meir sidan samlinga, men eg veit at ein fylgjer med, seier Aambakk.