Dette resultatet gir heile 1019 poeng på Tyrving-tabellen. Ho tok dermed klubbrekorden frå Kari Lundestad Myrold frå 1982. Ekstra moro er det at det er Kari som no er Hannah sin sprinttrenar. Ifølgje statistikkane før helga er 12,48 nest beste tida i landet i år i klassa jenter 17 år. Hannah har meir å gå på, og siktar seg inn mot endå betre resultat på Framo-leikane i Bergen komande helg. Hannah sprang og ein god 200 meter på laurdag med tida 26,54.

Dimnaleikane på Høddvoll stadion fredag og laurdag samla over 200 av dei beste friidrettsutøvarane i regionen fordelt på over 800 startar. Det var mange gode resultat på stemnet. Dimna fekk to nye kretsrekordar for senior på 200 m hekk med Marthe Mjøen Berg og Hallbjørn Hasund Thorset med tidene 28,76 og 27,08. Det vart og sett mange personlege rekordar.

Ørsta IL friidrett stilte med 18 utøvarar på stemnet. Det vart mange gode resultat og mange turar på pallen for Ørsta sine utøvarar. Nokre av Ørsta sine førsteplassar vart vunne av Bendik Åmbakk G-10 på 80 m og lengde, Maria Myklebust J-11 på 200 m hekk, Anna Hjellen Haugland J-11 i kule og liten ball, Maria Sætre J-12 i høgde, Åse Øyehaug J-12 i 200 m hekk og Tamires Birkeland J-16 i kule. Det står minst like stor respekt av resten av dei andre gode resultata til Ørsta IL friidrett på dette stemnet. Friidrettsgruppa i Ørsta har ei stor gruppe med flinke 10–12 åringar. Det er mykje godt talent å sjå i gruppa og mange har god framgang, så dette lovar godt for sesongen framover.