Ørsta tok torsdag turen til Skodje for å møte eit heimelag i brukbar form. På dei fem siste kampane stod Skodje med tre sigrar, ein uavgjort eit tap. Ørsta på si side stod to sigrar, ein uavgjort og to tap på sine fem siste kampar. Med bortesiger ville Ørsta passere Skodje på tabellen, og innta ein sjetteplass. Medan heimelaget ville trygge sin sjetteplass med full pott.

Det vart ei jamn opning på kampen, der ingen av laga hadde noko overtak. Etter eit kvarter tok Skodje kontroll, og byrja å skape sjansar. Ingve Stokkereit kom aleine mot Martin Liaskar, men Ørsta-målvakta rydda opp. Etter halvspelt omgang fekk Eirik Hjelvik uhindra gå opp på eit hjørnespark, og stanga Skodje opp i føringa.

2–0 etter eitt minutt

Eitt minutt ut i andreomgang utnytta Skodje ein feil frå Ørsta, og Eivind Erstad dobla leiinga til vertane. Nokre minutt seinare var Anders Molnes gjennom i bakrom, men avslutninga gjekk via ein Skodje-spelar og til hjørnespark. Ni minutt ut i omgangen var Skodje farleg frampå igjen, men Liaskar rydda opp med ei god redning. Ørsta styrte mykje av spelet, men klarte å ikkje spele seg til sjansane. Fem minutt før slutt kom Sondre Beine aleine med Liaskar, og lobba inn 3-0-målet. Dermed kunne Skodje juble for ein velfortent siger, og tre poeng.

– Fortent siger

– Det var eigentleg ein ok kamp frå vår side, men det vart ikkje den same tenninga som i førre runde og vi klarte ikkje å få ut det som vi er gode for. Vi skapte lite framover på bana, og kva som gjer det er det vanskeleg å seie. Det er nok mange faktorar som spelar inn. Skodje var hakket betre, og det var fortent at dei fekk med seg alle poenga. Vi skaper berre ein tredjedel av sjansane som dei gjer, og då dei skårar på sjansane sine er det ein fortent siger.

– Har det vore ein akilleshæl for Ørsta i år at ein ikkje har klart å skape nok framover på bana, og at det har vorte for lite mål?

– Det har vore slik i år, og vi har skåra for lite mål. Kva som gjer det er det igjen vanskeleg å svare på, og det er mange faktorar som spelar inn, seier Ørsta-trenar Henning Nygård.