Sæbø stod utan tap til Sunnylven gjesta Sæbø stadion i førre veke. Mot Larsnes/Gursken 2 på same bane tysdag hadde heimelaget sjansen til å komme tilbake på vinnarsporet, og henge med i toppen av sjette divisjon. I det første kvarteret av kampen såg det ikkje ut som at det skulle verte poeng på heimelaget.

Medan heimelaget var svake var Larsnes/Gursken 2 farleg framfor mål. Likevel klarte ikkje bortelaget å sette ballen i mål. Sæbø sleit med dårleg presisjon i pasningsspelet, og hadde mange balltap grunna dette. Sakte men sikkert kom heimelaget betre med utover i omgangen, men Larsnes/Gursken 2 tok føringa i kampen etter eit angrep på høgresida. Det vart ropt på hands frå Sæbø, men dommaren godkjende målet. Bortelaget skulle berre få vere i leiinga i fem minutt. Svein Ivar Moltu vart spelt gjennom, og toppskåraren ordna utlikning. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1–1.

Ville ha straffespark

Etter ein god pauseprat, var det heimelaget som starta kampen best i andre omgang. Det var skapte fleire gode sjansar, og med Sæbø-auge vart også Moltu snytt for eit straffespark då han vart dytta i ryggen. Øystein Frøyland hadde også ein god sjanse på tampen av kampen, men skotet gjekk over. Dermed ebba kampen ut på stillinga 1-1, og eitt poeng til begge lag.

– Ikkje på vårt beste

Trenar Emile van Embden var nokolunde nøgd med å få med seg eitt poeng.

– Vi fekk poeng, og ligg på ein tredjeplass på tabellen. Vi er også nøydd til å sjå det slik at vi ikkje er på vårt beste for augneblinken, og spesielt pasningsspelet må verte betre. Vi skulle hatt eit straffespark etter dytten på Moltu, men Larsnes/Gursken 2 hadde også ein ball i mål som dommaren ikkje dømde mål på. Vi gjer vårt beste, men er der ikkje er meir å hente så er det ikkje meir å hente, seier van Embden.

Flø neste

Fleire unge spelarar som Olai Riise fekk igjen tillit for Sæbø, og klarte seg godt på bana. Neste kamp for Sæbø er heime mot Flø kommande måndag. Med eitt poeng ligg Sæbø på tredjeplass på tabellen med tolv poeng etter sju kampar, og har fire poeng opp til Åmdal som er motstandar på heimebane etter kampen mot Flø.