David Dagestad Myklebust (19) frå Ørsta er teken opp i stallen til Nesset CK Elite.  Det er sykelklubben der verdsmeister Kurt Asle Arvesen starta karrieren, og det er ein av Noreg sine fremste eliteklubbar.

David går for tida på Puls-lina på Høgtun Folkehøgskole i Torvikbukt. Det er en line der trening, og først og fremst for sykkel, står i fokus. Her er han under leiing av tidlegare Nesset CK- syklist og noregsrekoldholdar på 20- og 30 km tempo, Knut Anders Fostervoll.

Godt miljø

– Her er det eit veldig bra miljø, og forholda er lagt godt til rette for sykkel og trening, seier David, som for tida er på treningsleir i Spania saman med skulen.

David vil debutere saman  med laget i Ulsteinrittet den 22. april. Så står Norgescup- opninga for tur i Sandnes siste helga  i april. Og der etter går det slag i slag, med NM i Bergen i midten av juni som eit av hovudmåla.

David melder altså overgang frå Ørsta Sykkelklubb.

– Utfordring

– Eg ser fram til å sykle for Nesset CK Elite. Det vert ei spennande utfordring å møte eliten i Noreg på NC- og Ranking-ritt. Nivået har vorte veldig høgt, og eg håper å kunne medverke på laget i tillegg til å ta nokre steg vidare denne sesongen, seier David.

Nesset CK Elite er den einaste klubben med elitesatsing på landevegssykling i Møre og Romsdal.   Klubben har som mål å vere eit naturleg val for unge lovande syklistar i fylket som tek steget vidare frå junior- til seniornivå.  Nesset CK Elite har lange og gode tradisjonar i norsk sykkelsport, og kan vise til fleire NM-titlar. Mellom anna var det er Kurt Asle Arvesen starta sin karriere, og det er også for Nesset CK Elite han har sykla for i NM-fellesstart siste åra. Men klubben har også andre som har teke medaljar individuelt i NM, og dessutan har klubben også lagtempomedaljar.

– Vi er difor veldig nøgde med at ein ny ung og lovande ryttar som David Dagestad Myklebust signerer for laget. Han er frå vårt primære rekrutteringsområde, og verkar veldig lovande, seier leiar i Nesset CK Elite, Aage Eliassen.

Vil dominere i Noreg

Ambisjonane for Nesset CK Elite er høge for 2012. Laget skal dominere norsk sykkelsport. Ryttarane skal vere positive, aktive og dominere i felta. Klubben skal utvikle ryttarar som kan hevde seg både nasjonalt og internasjonalt. Klubben ynskjer å vinne sigrar i noregscupen og gjenta suksessen frå NM i dei seinare åra.

Nesset CK Elite er i år samansett av ryttar frå  hele fylket: Magnus Røysum Espeland, Molde; Edgard Eidsheim, Ålesund/Bergen; Børge Godejord, Elnesvågen; Kristian Eliassen, Molde; Vegard Eliassen, Molde; David Dagestad Myklebust, Ørsta; Martin Notøy Nevstad, Ulsteinvik og Ola Inge Drøpping, Ålvundfjord.