– Eg har alltid hatt lyst til å prøve meg på det øvste nivået, og når sjansen baud seg no kunne eg ikkje seie nei.

Det seier Hilde Egset som no er klar for spel i Storhamar. 25-åringen har tidlegare vore på prøvespel i eliteserieklubben, og etter at prøvespelet var over så gav Storhamar beskjed om dei ville ha Egset i stallen. I Volda har Egset vore sjølvskriven i lagoppstillinga, men no vert tøffare konkurranse for bakspelaren.

– Eg skal bruke tida godt på å utvikle meg som spelar, og eg får sjansen til å spele med veldig gode medspelarar. Viss eg klarer å utvikle meg og ta steget, så vil det også bli speletid. Storhamar er nokre divisjonar opp frå det eg er vande med, men eg skal krige og kjempe.

I Storhamar vert Egset medspelar med Malene Aambakk att, og at Aambakk er i klubben vil nok gjere overgangen enklare.

– At ho er ein sentral spelar der gjer det nok lettare. Eg kan sende skuldrane litt, og det blir veldig kjekt å spele saman med ho att.For Volda sitt damelag vert det i år spel i 2. divisjon, men Egset har von om klubben kan spele seg til ny kvalifisering om opprykk.

– Volda hadde ein del prøvespelarar på besøk i helga, og det var veldig gode spelarar. Eg ynskjer alt det beste for Volda, og vonar at dei kjempar godt i 2. divisjon og kanskje tek seg til ny kvalifisiering om opprykk.