Det er andre gang at NM for junior og eldre junior vert arrangert i Møre og Romsdal, og frå fredag til søndag vil det vere full aktivitet i Voldahallen.
– Det kjem i overkant av hundre deltakarar frå heile landet, og aldersgruppa som skal konkurrere er dei frå 17 til 21 år. Det er også lagt opp til at dei er fødde i 1999 eller seinare også kan delta. I Voldahallen vil det verte konkurrert i lag, singel og double, seier leiar Tor Hallaråker i Volda og Ørsta BTK.
– God pr for klubben
Bordtennisklubben har førebudd seg i fleire månader til arrangementet, og håpar at NM skal vere god promotering av klubben.
– Det vert fjorten bordtennisbord i Voldahallen, og vi kunne kanskje trengt meir plass. Med støtteapparatet rundt vert det rundt 200 deltakarar, og vi håpar at 2–300 personar vil komme innom hallen i løpet av helga. Arrangementet vil vere god pr for klubben, og det er gratis inngang for publikum. Vi har invitert skuleklasser til hallen, og vi har sett opp ei transportteneste med to minibussar som vil køyre til og frå hallen, seier Hallaråker.
Arrangørklubben har også lagt opp til NM-disko, og det vil vere matservering både inne og ute.
– Vi har marknadsført oss godt, og vi håpar at flest mogleg legg turen innom Voldahallen, seier Hallaråker.
– Dei som kjem til Voldahallen vil ha eit godt utval å velje i. Ute vil ha frityr, og inne vert det kiosk, seier kioskansvarleg Oddveig Bjørdal.
Ingen medaljesjansar
Dei unge spelarane i bordtennisklubben har markert seg i NM yngre tidlegare i sesongen med fleire NM-gull, men medaljesjansane no er ikkje store.
– Vi stiller med seks deltakarar, to jenter og fire gutar. Desse er Sofie Sletteberg (-95), Tiril Egset Mork (-98), Jonas Myklebust (-98), Håvard Sæther (-97), Svein Aarset (-98) og Rasmus Mork Gaarder (-98). Medaljesjansane er tilnærma null, og NM vil først og fremst vere verdifull læring. Det fremste håpet vi har er Håvard Sæther i samspel med Fredrik Meringdal. I NM yngre på Stord tok dei ein femteplass, og med flyt kan dei nå ei kvartfinale no, seier Hallaråker.
– Skal kjempe for kvart poeng
Trenar Reinis Burgis ynskjer å få spelarane til yte maksimalt under kampane sjølv om ein møter betre motstand.
– Alle spelarane som deltek frå vår klubb er yngre enn aldersgruppa for junior og eldre junior. Dei har mange NM å sjå fram til, men kan nytte dette til å skaffe seg erfaring og utvikle seg. Ein får sett nivået, og kva ein må strekkje seg etter. Ein må forstå kvar vi er no, og kor bra ein må spele seinare. Eg vil at spelarane skal gje sin beste innsats i kvar kamp, ha den rette innstillinga og kjempe for kvart poeng, seier spelande trenar Reinis Burgis.
– Håper å gå i balanse
Sjølv om dei lokale medaljesjansane ikkje er så store, vil spelarane få god støtte gjennom turneringa.
– Gjennom kontaktane til Reinis Burgis har vi henta inn seks dommarar frå Latvia. Vi har også henta inn coachar frå utlandet, så på det sportslege er vi godt førebudd. Det vil vere seks coachar i hallen i helga, og med seks spelarar vil kvar enkelt ha ein coach, seier Hallaråker.
Det og skulle arrangere eit NM er ikkje billeg, men bordtennisleiaren håpar at det ikkje vert eit tapsprosjekt.
– Vi håpar at vi skal gå i balanse. Det er store utgifter med m.a. fire nye konkurransebord. Totalt er vi no oppe i 18 konkurransebord av beste kvalitet, og seks av desse skal etter planen kome på plass i Ørsta, seier Hallaråker.