I 2012 vart det klart at Henrik Gjengår melde overgang frå Ørsta til Hødd. Han gjekk inn i rekruttstallen til 1. divisjonsklubben, og har dei to siste åra vore fast inventar i 3. divisjon og på juniorlaget. I sesongoppkøyringa i fjor fekk han også sjansen på a-laget av dåverande trenar Lars Arne Nilsen i ein treningskamp mot Kristiansund. Gjengår hadde også ein kamp på benken for Hødd i 1. divisjon gjennom sesongen i fjor. Denne veka skreiv Gjengår under kontrakt for Ørsta, og vert ei solid forsterkning i 4. divisjon.

– Bakgrunnen for overgangen er prioriteringar. Eg brukte veldig mykje tid og krefter på å pendle til Ulsteinvik, og då valte eg å trappe ned. For meg var det naturleg å velje Ørsta, seier Gjengår.

– Glade for å ha han tilbake

18-åringen har i første omgang skrive under på ei kontrakt som varer ut vårsesongen 2014, og til hausten er planen å studere. Ørsta IL fotball er glade for å ha Gjengår tilbake i klubben.

– Vi er veldig glade for at Henrik er tilbake i Ørsta. Det er ein spelar som har banka på døra til førstelaget til Hødd. Det er kjempekjekt at han ynskjer å spele her, og han er ein spelar med lokal tilknyting. Vi håper også at Henrik held fram med utviklinga si, og at han på sikt får ei karriere innan fotball, seier dagleg leiar Arnstein Sandvik.