– Det var ein sterk bortesiger, og vi gjennomfører ein bra kamp. Einaste som var dumt var at vi ikkje sette sjansane våre tidlegare. Vi burde vore i leiinga tidlegare, og hatt ei relativt trygg leiing sjølv om vi ikkje hadde fortent å vinne med kalassiffer, seier Sæbø-trenar Mats Riise.

Både Åram/Vankam og Sæbø stod med tre poeng på to kampar før laga møttest på Eidsåvoll onsdag kveld. På grasbana på Eidså var det ein tett kamp der ingen av laga fekk utteljing framfor mål i 1. omgang. Sæbø var det farlegaste laget og hadde to trippelsjansar i løpet av dei første 45 minutta. Ei avslutninga gjekk i tverrliggjaren, returen vart blokkert før vertane sin målvakt Ådne Seljeset varta opp med ei dobbeltredning i same angrepet. Det var også ein tøff kamp der Sæbø fekk delt ut fire gule kort i 1. omgang og Åram/Vankam 3.

I 2. omgang kom det avgjerande målet ved Tarald Harstad. Yngve Frøland fann Harstad på hjørnet av 16-meteren, og han la ballen i lengste vinkel på vakkert vis. Dermed kunne Sæbø sleppe jubelen laus for sin andre siger for sesongen.

– Sjansestatistikken var 9–3 i favør oss, og om vi hadde vunne 2–0 eller 3–0 så hadde det sikkert vore fortent. Før kampen så hadde eitt poeng på bortebane sett veldig bra ut, og det var veldig greitt å ta med seg tre poeng. Forsvarsspelet var godt innanfor og vi slepp til tre store målsjansar gjennom heile kampen.

– Seks poeng på tre kampar er det betre enn kva du hadde forventa deg?

– Frå dei tre første kampane hadde eg tenkt at vi skulle plukke litt poeng. Eg vart litt overraska over sigeren mot Åram/Vankam, men hadde von om vi skulle gjere det betre borte mot Ellingsøy. For meg verkar det som alle kan slå alle i divisjonen. Det er lett å vinne fire kampar på rad og tape fire på rad. Kampane kan bikke mange vegar og eg føler meg ikkje trygg sjølv om vi har fått ein bra start.

Komande onsdag er Stordal motstandar for Sæbø på heimebane.

– Vi skal berre halde fram og bygge på det vi har gjort. Vi må forbetre nokre småting og verte meir kliniske føre begge 16-meterane. Vert vi flinkare på å klarere og å skåre mål så trur eg Stordal skal få ein veldig tøff kamp.