Før kampen mot Herd visste Volda at mest truleg ville berre siger vere godt mot serieleiaren, og laget som lenge har vore klare for 2. divisjon. I opninga kampen var det Volda som ville mest på heimebane, men overtaket i banespelet resulterte ikkje i sjansar. Herd kom meir med utover i omgangen, men gjestene sette ikkje målvakt Tore Sørheim på nokon prøver. Nærast skåring kom Christoffer Bjerknes på tampen av omgangen. Han kom seg fri på venstresida, men med ein vanskeleg avslutningsposisjon og godt målvaktspel frå Deniss Korneiciks gjorde at Herd fekk avklart. Herd fekk også ein god sjanse rett før pause, men headinga gjekk rett på Sørheim. Dermed gjekk laga til pause på 0-0, medan meldinga frå Spjelkavik var at dei var i leiinga 2–0 over Elnesvågen og Omegn.

Herd avgjorde på overtid

Volda-spelarane var klar over at dei måtte få ballen i mål i andreomgang, og fem minutt ut i omgangen stod jubelen i taket på Volda stadion. Torstein Koppen fekk vende opp i feltet, og sette sikkert inn 1–0 til Volda. Håpet levde for Volda sin del, men dei var berre i paradis i 10 minutt. På eit hjørnespark fekk spelande Herd-trenar Amund Skiri gå opp aleine, og heada inn utlikninga. Etter skåringa var det jamt mellom laga, og det vart skapt litt sjansar begge vegar. Stian Finnøy var nærast for vertane, men avslutninga gjekk like utanfor. Eitt minutt på overtid fekk Herd på ny hjørnespark. Markeringa svikta igjen for Volda sin del, og Håkon Solli-Sæther sendte Herd i føringa. Volda fekk heller ikkje hjelp frå Elnesvågen og Omegn der Spjelkavik hadde gått opp til 3–0. Berre eitt minutt etter skåringa var Sørheim uheldig på eit tilbakespel, og Mads Pedersen kunne enkelt fastsette sluttresultatet til 3–1.

– Spjelkavik-kampane som skjerer i hjertet

Volda kjempa godt mot Herd, og ut frå spel og sjansar hadde dei fortent å ta med seg poeng frå kampen.

– Det er ein veldig solid kamp av oss, og vi er det førande laget. Vi har dei sjansane som er i kampen, men så er to hjørnespark imot som resulterer i to mål, og det feller oss. Dette er ting som vi må rette på, og hjørnespark var mål i denne kampen. Men det er klart at det er Spjelkavik-kampane (journ. anm. 3–3 kampen 11. mai og 2–2 kampen 30. august) som skjerer i hjertet, og det er den ein tenkjer på kvar gang ein legg seg. Vi hadde sjansen, og vi var det beste laget lenge. Så eg er skuffa no, seier Volda-trenar Rikard Tennø Vestre.

– Kva tankar har du om eit liv i 4. divisjon?

– Vi skal rett opp att, og eg har allereie byrja å tenke på neste no. Det er rett opp att, og det er ikkje noko anna som betyr noko. Det skal vi klare, og vi har mange unge og lovande spelarar som vi får dyrke fram.

Med nedrykket for Volda sin del vert det første gang på mange år at Volda og Ørsta er same i divisjon, og truleg kan ein vente seg lokaloppgjer i Volda eller Ørsta 16. mai 2014.