– Vi fekk som fortent. Vi reiste til Langevåg for å gjere vår jobb, men det klarte vi ikkje. Langevåg sprudla skikkeleg, og var verkeleg gode på heimebane. Vi hadde ikkje ein sjanse, men vi hadde eit lite håp om at kampen på Legene skulle gå i vår favør. Åmdal vann og vi tapte, og då må vi berre gratulere Åmdal med at dei gjer jobben, seier Hovdebygda-trenar Frode Tømmerbakk.

0-5-tap

Før siste serierunde låg Hovdebygda på ein trygg sjetteplass, men hadde berre eitt poeng ned til Hasundgot og to poeng ned til Åmdal. Med tre poeng til Hasundgot laurdag måtte Hovdebygda spele uavgjort eller slå Langevåg søndag for å vere trygg på spel i 5. divisjon også neste sesong. Heimelaget styrte det meste på kunstgraset i Langevåg, og gjekk til pause med 2-0-leiing. I andreomgang skåra dei tre mål til. Gjestene fekk også to mann utvist i andreomgang. Med 5-0-siger gjekk Langevåg gjennom årets 5. divisjon utan tap, medan Hovdebygda har den usikre 8.-plassen som kan føre til nedrykk.