Etter ei lang sesongoppkøyring var det endeleg klart for sesongopning for Ingvild Øye laurdag. I BUL-sprinten på Gålå var første distanse sprint. Øye har ikkje lukkast i sprint på nasjonalt nivå tidlegare, men treninga som ho har lagt ned i vinter har vore til hjelp. Ho leverte ein svært god prolog i K19-20-klassa, og hadde fjerde beste tid. Etter at finalane vart ferdig enda Øye til slutt på ein oppløftande niandeplass, og ein god start på årets skisesong.

Søndag var det klart 10 km klassisk stil. Øye føretrekkjer skøyting, og fekk det ikkje heilt til å stemme i klassisk stil. Det vart til slutt ein 22. plass over fire minutt bak Emilie Kongsten frå Åsen IL.