Før årets sesong vart Aleksandra Zimny henta inn av Storhamar som eit ledd i satsinga deira i Eliteserien i handball. 22-åringen, som er polsk landslagsspelar, har ikkje slått heilt til for Hamar-klubben. No vil ho prøve seg i 1. divisjon for Volda, og trenar Halldór Stefán Haraldsson er veldig godt nøgd med at bakspelaren blir å finne i Volda-drakt komande sesong.
– Eg er veldig nøgd med at Aleksandra valde Volda. Vi veit at ho har vore på besøk i store klubbar og det at ho vel Volda viser at vi jobbar på ein bra måte og er ein profesjonell klubb, seier han til Volda handball sine heimesider.
Aleksandra er fødd i 1996, og kjem første året på utlån frå den polske klubben Pogon Baltica Szczecin. Ho er ein 188 cm høg venstreback. I seriespelet for Storhamar vart det tjue kampar førre sesong og ni skåringar ifølgje handball.no. I Storhamar har Zimny vore lagvenninne med dei tidlegare Volda-spelarane Malene Aambakk og Hilde Egset. Høgdepunktet for Zimny førre sesong kom i siste sluttspelkamp mot Larvik. Då vart den polske bakspelaren kåra til Storhamar sin beste spelar og ho noterte seg for fem mål i kampen.
– Vi har skrive ein toårskontrakt der det første året er på utlån frå hennar polske klubb, seier sportsleg leiar Bent Ingebrigtsen til klubben sine heimesider.
Ingebrigtsen er trur at Zimny kan ta store steg under leiing av Haraldsson
– Ho passar godt inn i det unge laget vårt. Det er ein spelar med eit stort potensial som nok ikkje har fått dei rette mogelegheitene til å utvikle seg i Storhamar, der ho har konkurrert om plassen mot Betina Riegelhuth.
Volda-trenaren trur og at Zimny kan utvikle seg vidare i Volda.
– Vi var samd med ho om at vi kan hjelpe ho å utvikle seg her i Volda og det passar godt med klubben sine mål om å utvikle unge spelarar, seier Haraldsson.