NM for kroppsbyggarar og fitnessutøvarar vart arrangert i Oslo i helga. Stine Marie Løvoll, som er busett i Follestaddalen, deltok i sitt første NM i greina Athletic fitness. For to veker sidan gjekk ho til topps i Norway open i Fredrikstad, og hadde von om å gjere det godt i NM.

– Eg har klart 1.-plassen ein gong no, og håpar på å gjenta det. Det kjem ikkje av seg sjølv, og du skal ha ein bra dag og gjere ting rett. Du må prestere på styrkeøvingane og gjere ein god jobb på scena, sa Løvoll til Møre-Nytt tidlegare i veka.

I Athletic fitness vert utøvarane dømt ut frå symmetri, styrke og kondisjon. Utøvarane går først gjennom ei innleiande runde der dei vert dømt ut frå symmetri. Deretter skal utøvarane utføre chins og har eitt og eit halvt minutt til rådvelde før dei skal sitte klar til å ro. Etter roing i eitt og eit halvt minutt har utøvarane 30 sekund pause før dei skal utføre dips. I Athletic fitness +165 konkurrerte Løvoll mot sju andre deltakarar. Løvoll og fem andre kvalifiserte seg til finalen. Der gjekk Løvoll til topps og sikra seg NM-gullet.