Hovdebygda IL-ski har starta opp med fellestreningar på rulleski. Dei har kjøpt femten rulleskipar, som skal vere til utlån for born. Desse vert no flittig brukt av medlemmer i skigruppa, og førre laurdag møtte tjue store og små til trening.

– Vi har vore så heldige å fått ein avtale om å bruke eit svært stort asfaltert areal utan biltrafikk, til avtale tider. Der kan born og ungdommar trene i våre treningstider.  Hjelm og refleksvest er obligatorisk for både små og store. Vidare skal alle born, og andre nybyrjarar, nytte seg av sykkelvegar og andre trygge treningstider utan biltrafikk. Langrennsgruppa går no over til ettermiddagstreningar kvar torsdag framover hausten, seier sportsleg leiar Guttorm Øye.

– For at terskelen for å delta på treningane våre skal vere så låg som mogleg, tilbyr vi å låne rulleski og krev ikkje treningskontingent for barmarkssesongen. Det einaste kravet vi har er at dei som deltek på treningane er medlemmer i Hovdebygda IL-ski.

God rekruttering

For to år sidan fekk langrennsgruppa ein veldig oppsving i rekrutteringa, og vinteren 2013 var det 65 registrerte langrennsløparar på trening. Med ein ustabil vinter i fjor gjekk talet litt ned.

– I tillegg aktiviserer vi mange ivrige og flinke foreldre. Rekrutteringsområdet vårt for aktive har auka mykje etter at Eiksundsambandet vart ferdig. Difor rekrutterer vi veldig mange born til skitrening frå Ulsteinvik.