Volda Handball har lagt bak seg ein historisk god sesong. Det vart seriemeisterskap i andre divisjon, men opprykk vart det ikkje. No satsar Volda igjen stort på opprykk.

– Vonbrotet over at laget ikkje greidde opprykk til 1. divisjon har for lengst lagt seg, og klubben legg no til rette for ny toppsatsing, seier leiar Arild Bakke i Volda Handballklubb.

Litauen

Volda Handball har signert kontrakt med to profesjonelle spelarar frå Litauen. For vel ein månad sidan signerte Jurate Zilinskaite for Volda. Sist veke gjorde klubben eit storkupp då Litauen sin beste spelar, Laima Berntaviciute bestemte seg for Volda HK.

– Begge er toppspelarar som kunne ha spelt på det høgaste nivået. Spesielt vil Laima vere ein stor kapasitet. Ho kjem frå ein fransk toppklubb, men vann sølv i Europacupen for Alicante for to sesongar sidan. Ho laga nyleg 12 og 9 mål for Litauen mot sterke lag som Makedonia og Frankrike, der ho vart også kåra til turneringas beste spelar, seier Bakke, og trur Laima vert ein attraksjon for publikum i Voldahallen.

Publikum

Det er ingen idrett- eller kulturaktivitet som samlar så mykje publikum i Volda/Ørsta som Volda Handball.

– Oppslutninga rundt andredivisjonslaget er unikt i heile Noreg på dette nivået. Interessa vert nok ikkje mindre etter denne storsatsinga. I tillegg vil desse toppspelarane også bidra som trenarar for aldersbestemte lag og vere gode førebilete, seier Bakke.

Omdøme

Ut frå bl.a. kunnskapen klubben fekk gjennom omdømeundersøkinga NORFAKTA gjennomførte i desember, etablerer Volda handballklubb Volda HK elite og Volda HK breidde.

– Dei som ynskjer å ta sterkare del i toppsatsinga blir her etter promotert sterkare rundt andredivisjonslaget, medan dei som ynskjer å bli sterkast knytt til breiddesatsinga i klubben, oppnår størst merksemd her, fortel Bakke.

Klubben sin generalsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre og hovudsponsor Tussa utgjer det økonomiske fundamentet i elitesatsinga. I tillegg vert det innført ei gruppe av elitesponsorar som vert viktige bidragsytarar i klubben si vidare satsing på å verte ein toppklubb. Per dato er Enerbygg/Nordbohus og Kragset Eigedomsmekling klare.

Spelarane

– Som ein direkte konsekvens av denne satsinga har Malene Aambakk bestemt seg for å satse vidare i Volda. Volda-spelarane Line Hagen og Hilde Egset har enno ikkje bestemt seg, men vi håper at begge vert å finne i Volda-drakta til hausten. Eit nytt og spennande talent som også har meldt overgang til Volda, er 16 år gamle Emilie Skjelle. Ho har spelt andre divisjon for Follo HK, og har vore fast på regionslaget for Region aust siste sesong, fortel Bakke.

I sum fortel han at dette vil seie at Volda ser med forventning og optimisme på den nye sesongen.

"Ein kamp om gongen"

– Vi har likevel beina godt festa på golvet, der mange harde oppgjer ventar. Det er likevel ingen tvil om at med denne satsinga er målet opprykk til 1. divisjon, insisterer Bakke.

Volda er kjende med at både Ålesund og Molde styrkjer spelarstallen komande sesong. I Trondheim kan det verke som at Strindheim og Heimdal blir satsingslaga som kan utfordre Volda.

– Men som trenar Alfred Ørn Finnsson sa til pressa gjennom heile sesongen i fjor: Vi tek ein kamp om gangen, seier Bakke.